Det er tunge tider i tv-bransjen i Tirana når kostymet er samanraska av tilfeldige stoffrestar dei fann ("Så lenge det er raudt så går det!") og dei har skaffa den lokale Bjørn Sundquisten til å åpent kritisere innslaget medan det skjer og dunke litt på ei kasse innimellom. #alb
Eg veit på ekte ikkje om eg vert mest nervøs av sjølve låta til San Marino, dei uncanny valley-buande folka på scena eller den KI-genererte Davidfiguren som viser heilt korrekt nivå av misnøye med heile opplegget han er med på. #eurovision#smr
Dette er fasit når du ikkje lukkar døra, men heller SLEPP INN den lumske representanten frå Felleskjøpet som har "eit spennande forslag til samarbeid", og du heller ikkje luktar lunta når han, på spørsmål om scenedekor-idear, berre svarar "du, vi ordnar det vi". #eurovision
Altså. Sverige sender ALLTID kvalitet. Alltid noko som står seg godt i ettertid. Då må eg stole på at dette også er kvalitet, basert på tidlegare erfaringar. Alternativet er at eg må reflektere over om Sverige også kan sende ræl til Eurovision, og det er eg ikkje klar for. #swe
Veldig multikulturelt og inkluderande dansk innslag i år! Færøyisk vokalist, og låt, innpakning, dekor, fargevalg og vokalprakt som er skamlaust stjelt frå… tja, cirka samtlige australske bidrag sidan debuten deira i 2015. #eurovision#den
Portugal kunne like gjerne sendt fem tova tjukkelestar med pålimte ClipArt-kassegitarar. Hadde ikkje gjort det spor forskjell. Eg kjenner karismaen i romet og fargen i veggane her bli SUGD inn i TV-en. #eurovision#por
"Nei nei nei nei, det er FOR LITE KLEDE her! Få noko meir tekstil. NUH!"
"…er det viktig for deg KVAR det tekstilet er plasse-"
"Kom deg ut og fiks det her!"
…og sånn vart altså alt tyllet plassert rundt skuldrane på dansarane. Passivaggresivitet er eit sterkt medium! #mlt
ARGH, dei kan jo fransk oppe i sveitserfjella der! Ein urettferdig fordel i dette sirkuset her. For eit lurendreieri! Slikt et taskenspilleri! Ei fjong finte frå sida! Men fin låt då 12 poeng greitt det skal få såpass #eurovision#sui
Her ser vi jo konsekvensen av at Armenia ikkje fått lansert Dusj™ enno, men har ingen fortalt han grekaren på avvege at Sveits har hatt dusj i opptil fleire år? Eg er for øvrig heilt trygg på at han her luktar slik han ser ut, og at eg kan lukte eimen heilt hit. #eurovision#arm
"Okei, folkens - årets bidrag. Morsmål, flammer, mystikk, etnisk dunk og inderlig tettsitjande tekstil. Det funkar alltid. Noko meir?" "Kva med eit FULLSTENDIG unødvendig kjoleskift 3 sek før slutt?" "…veit du Yiannis, dette er kvifor du jobbar her i kringkastinga. Bravo." #gre
Tysk eurodisco PÅ TYSK?! Herlighet, dette er jo klasse. Blir eitpar hjarteinfarkt på sensitive klassiskutdanna cellistar på kontinentet, men det kan vi jo alltids leve med. Dette er jo det berre å nyte! #eurovision#ger
Dette er jo ikkje bidraget til Polen. Dette må vere Aserbadsjan sitt. Eller Armenia, Kypros eller Hellas. Men for all del. Eg skjønar godt at Polen spelar på lite klede og mykje mystikk - det skal mykje dekor til for å drage lasset med ei så intetsigane stemme. #eurovision#pol
Klassegrep av Italia å tekste innslaget sitt. Her skal ALLE få det klart for seg at teksta er skriven i fellesskap av (for anledninga) umedisinerte innlagde på lukka avdelingar i Lombardiaregionen. #eurovision#ita
Nei, veit du kva. Eg aksepterar det ikkje. Det er ei fallitterklæring til heile konkurransen, dette her. Vi KAN ikkje ha det sånn at den største kløfta i heile Eurovisionsirkuset kjem frå FINLAND?! Kva er det neste, at Sverige har størst saunafaktor? #frampeik#eurovision#fin
Dette er tydelegvis noko av det beste Nederland har, iaf noko av det mest populære om ein skal tru omtala. Eg lurar på om han her snakkar med dyr, er ein ræsar på hekling eller kan resitere episke sagaar uttaboks. For det er ikkje stemma som har fiksa biffen. #eurovision#ned
Eg må vedgå at eg aldri har sett konseptet Sexy Brennmanet i Eurovision før, men kreativiteten tek jo dessverre aldri slutt. Latvia har heller ikkje fått beskjeden om at éin dårleg vokalist ikkje vert fiksa med FEM LIKE RÆVA VOKALISTAR TIL, men kanskje dei lærer i år? #eurovision
Jedward, Marcus og Martinus, Kjartan Lauritzen, Staysman ELLER Plumbo var konseptvalget, Island. Ikkje OG. Velg eitt konsept og stå for det! MAKE UP YOUR MIND!! #eurovision#isl
Det er jo interessant at austerrikarane, i det vokalisten framviser panserfalsetten frå helvete, vel å erigere både master og fyrtårn i bakgrunnen. Det er sikkert ein fragile masculinity-vits her, men eg kjenner at eg berre ikkje orkar. [Sett inn din penisvits her]. #eurovision
Ah! Britane vel altså å gjennomføre det (for dei) stort sett ukjente Eurovision-grepet det er å sende vokalistar som altså KAN å synge. Neste år kan det hende dei klarar å kombinere det med å også sende ei god låt. Tydelegvis hekkans vanskeleg å treffe på begge! #eurovision#gbr