Dersom politiet skyt skremselsskot, kvar siktar dei isåfall? Dersom dei skyt rett opp i lufta kva skjer når kula kjem ned att? Er det ei kule eller har dei eigne pistolar til slremselsskot som kun inneheld luft? Eg har så mange spørsmål..
Det er ein uskreven regel at kvinner liker menn i islender-genser. Gjeld dette motsatt veg også? Eg har uansett skaffa meg ein islender-genser, sånn i tilfelle.
@runrjo76 Såvidt eg veit er ingenting endra. Men det tek ofte litt tid før sladderet treff den det handlar om, så for alt eg veit har eg kanskje til og med fått meg kjærast!
Det aller finaste med å bu på Fitjar er at eg slepp å tenkje sjølve. No fekk eg nett høyre at eg har skifta legning, og det er jo på mange måtar greitt å vite før eg takkar ja til ein eventuell date.
Du veit du har vanskeleg for å takke nei til ting når du drøymer at du må takke nei til ein middag, for deretter å ligge våken lenge for å prøve å finne ei løysing.
Korleis 2023 går? Så langt har eg laga havregrynsgraut med salt, mista smør på golvet, blitt irritert på terningane når eg spelar yatzy og gløymd att eit rundstykke i strikketøyet så mitt toårige genserprosjekt stinkar mugg. Ja, eg hadde saltsmak i munnen resten av den dagen.
Reiste meg frå sofaen for å gå tre steg for å hente PC, sat meg ned i sofa femten min seinare med varm kaffi i koppen, ei omplanta plante på bordet og ingen PC. Lett distrahert sa du?