Alt som skjer
i verda no
i livet no
Med folk eg kjenner
med folk eg ikkje kjenner
Alt som skjer
får meg til å tenkje
får meg til undre
Set seg i magen
legg seg på hjartet
Alt som skjer
Grublar eg på
ein laurdagskveld
ein vårkveld i mars
Men framleis er det vinter
Bomber
Geværskot
Miner
Granatar
Menneskeskrik
Lyden av krig
Det er no
Det er nær
Det er ein gal manns verk
Bileta rullar endelaust forbi
Det er ingen film
men lat det vere som på film
der onde menn
alltid taper
til slutt
I natt drøymer eg ikkje
Eg ligg vaken og kjenner landet skjelv
Eg ligg vaken og høyrer vibrasjonane
av kvardagsliv som sprengest sunde
og hjarte som splintrast i to
I natt drøymer eg ikkje
Eg ser tomheita i ristande barnehender
når taket om famtida glepp
I natt ligg eg vaken
Hvorfor er jeg så trøtt
når du sover
Ventilasjonsanlegget puster inn natten
jevnt og monotont
Jeg vugger fram og tilbake
Husets ro ligger på skuldrene mine
Jeg kan ikke sove
du grip om dagen
pustar inn lyset
held det rastlaust fast
med begge hender
det er inga ro
du hastar rundt
for dagen går så fort
du kjenner mørket puste deg i nakken
dei lange skuggane i natta
kveiler seg rundt tankane dine
Kviskrar søvnlaust
at stjerner ikkje finst
@mittet_mv Vi svarer stort sett: "Ordentlig?? Viss du meiner å spørre om dei/vi er biologiske søstre så er dei/vi ikkje det. Men søstre er dei/vi, ja".
@mittet_mv Blir så irritert av sånt. Og då lurer eg på: Kva er "ordentlig"?? Ei søster som ein har vakse opp med og delt famile med gjennom heile livet er like så godt og verdifullt som noko anna. Både eg som mor og mine to adopterte døtre hatt fått dette spørsmålet mange gonger.