Dei snakkar på éin måte til oss som er utanfor, for ikkje å seia nedanfor, og på ein heilt annan måte til sitt eige styre. Det er arrogant. Og det er uklokt. Verken arrogant eller uklokt er særleg tillitvekkande. https://t.co/tzuXwRL19r
Bota frå Datatilsynet er den største bota eit slikt system har fått, nokon gong. Den har dei fått for å la dei skjøraste bitane av folks liv liggja strødde rundt så kven som helst i Nav kan sjå. Datatilsynet meiner Nav har latt det liggja slik med vilje. https://t.co/8yuZjbSi7k
Kampanjen #legermåleve bør røra oss alle. ikkje berre fordi det er historier frå medmenneske, men fordi dette er legar som neste gong kan stå ved di sjukehusseng. Gjerne samtidig som dei veit at dei alt burde ha vore hos neste pasient, og neste og neste. https://t.co/NUZ9xGJuBv
Dette her. Maktforholdet er så skrekkeleg skeivt. Og likevel, likevel meiner Sandnes kommune at det viktigaste er å beskytta sin eigen maktposisjon. I møte med akkurat desse menneska. https://t.co/GTm9c9182v
Eg kunne jo skrive om politikken i dette. Om spelet, om kva Ap har å velja i, om Rogaland Ap som alltid har Hadia Tajik som svar, lenge før dei har høyrt spørsmålet.
Men eg ville heller seia dette. https://t.co/LKZS1ryrqy
Folk som er sjuke lenge er ikkje berre dyre. Dei er også slitne. Og ekstra utsette. Også når utgifter til behandling blir rangert https://t.co/Vnx77haasx
Utdanningsdirektoratet har blitt så suverene at dei til og med skriv dikta til engelsk-eksamen sjølv. Dei tener ingen. Dei har nok med seg sjølv. Legg dei ned. Før dei tar lyset frå oss. https://t.co/Bh2Q3NSys6
Blir du vurdert meir, lærer du altså meir. Lærer du ikkje nok, må du vurderast oftare. Det er ei altfor enkel slutning, sjølvsagt. Den har hengt med alle regjeringar sidan. https://t.co/c4QJfkzmLq