@eivindtraedal Kanskje. Eg meiner det er eit tydeleg svakheitsteikn for systemet at eit parti for akuttsjukehus i Alta kan få ein stortingsrepresentant. Sjølv om saka openbert er viktig for innbyggarane i regionen.
@eivindtraedal Dessutan er eg redd for at det ville ført til ei lågare valdeltaking. Distrikta ville ikkje hatt noko å stilla opp med. Og me har trass alt ulike problem som opptek oss, også basert på geografisk tilhøyrigheit.
@eivindtraedal Eg tenker det er viktig at det sit representantar frå heile landet på Stortinget. Folk treng ein ombodsperson. Er redd det ikkje kjem til å skje med ein valkrins. Når det er sagt er eg ikkje sikker på om 19 valkrinsar er nødvendig.
@Arnesenanton@BjENoren @kiheger Eg vil ha både opera og ferje. Ferje i kvardagen og opera i helgene. Men eg kan sikkert finna noko anna som vert subsidiert som eg ikkje brukar.
@sprakradet I løpet av eit ph.d.-prosjekt er det eit midtvegsseminar. På dette skal ein person vurdera framgangen i prosjektet. Før kalla dei personen "opponent". No kallar dei han "discussant". Men har me noko norsk alternativ til det siste? På førehand takk.