Ny Ferrante-serie på Netflix: Ei jente seier ho har vond i magen. Mora seier (på italiensk) at det er “ tablet” (pille) i skåpet. Omsetjaren skriv: Det er nettbrett i skåpet.
Eg har altså ny bok ute, bok 25, vaksenroman 7. De vil truleg ikkje få lesa om ho i aviser og media, men kan få kjøpa signerte eks hos meg. Kan også kjøpast i bokhandelen, men må nok bestillast. Lansering med bokprat og konsert på Åtgaum førstkomande laurdag.
Fiskerne på NRK1. Lite fisk, men mykje sunnhordlandsk banning. Kommentarar på noko som minner svakt om nynorsk. Alt heldigvis teksta på bokmål for språksvake byfolk og høyrslehemma.