Har stor sans for reportasjen i @sunnhordland i dag, der ein konfronterer politikarar med kva dei meinte om nedlegging av skular for ei stund sidan, og kva dei meinar no når dei er i posisjon. Framifrå journalistikk!
2024-utgåven av juletrekasting frå terrasse fann stad denne veka. Meir nøyaktig: edelgrankasting med tilløp. I år nytta eg sleggekast-teknikk. Lengderekorden frå tidligare år vert ståande, då kastet i år må reknast som middelmåtig.
Påtroppande ordførar i Stord Kommune uttaler at han ikkje er ein spelar.
Det trur eg han på.
Og han treng ikkje vera ein spelar så lenge motspelarane hans overspelar.
Brukte medbrakt handlenett i butikken i går. Kjenner meg både endringsvillig og handlekraftig. Og litt gjerrig, som unngår å betale kr 4,25 for plastpose.
Juletrekasting med tilløp frå terrasse 2023:
7,4 meter i svak sidevind.
Det skal nevnast at treet var lettare i år enn i fjor grunna tynn stamme, og spydkast-teknikken er bedre utvikla til tross for minimalt treningsgrunnlag.
Litt oppmuntrande informasjon til yngre og ferske turgåarar i fjellet: Når du kjem opp på ein fjelltopp vil du møta folk som:
a) Har gått dobbelt så langt som deg
b) Er halvparten så svett og utsliten som deg
c) Er dobbelt så gammal som deg
Apropos speaker @Runarvreb
Første gong Runar var på talarstolen som ny kommunestyrerepresentant, snakka han med utestemme veldig nær mikrofonen. Det berre spraka i høgtalarane. Samtidig forstod alle kva han meinte, og at engasjementet var på topp.
Bråvåkna i natt av at eg faktisk hadde forstått konseptet Nations League.
La meg til å sova igjen. Når eg våkna igjen hadde eg gløymt ut heile greia, og alt er tilbake til normalen.
Tid for å skifte til sommardekk:
Det førsta var flatt, det andre satt fast. Det tredje var nedslitt, og det siste kan knapt nok brukast som fender.
Vurderer å forberede meg litt meir ved neste skifte.