@DavyWathne Ei generell oppfatning blant dei eg kjenner i Sogndal og bygdene rundt er at avstanden mellom klubben og lokalsamfunnet har auka, der dei samme personane styrer som dei "alltid" har gjort.
@DavyWathne Når folk rundt klubben har advart om nettopp dette har det blitt feidd til side. I 2025 vart det fremma forslag om endringar i styret, og deltakande på årsmøtet med stemmerett var 119 - i åra før (og inneverande år) har det knapt vore 50. Mange reiste etter JR Årøy vart attvald.
Det er grusomt å sjå på Sogndal for tida. Slit foran begge måla, og sjølv om det er nokre glimt av håp innimellom vert det ingen poeng av det. Nytt tap mot nok eit av laga dei kjempar mot for å unngå nedrykk, og om varsellampane ikkje blinka frå før gjer dei iallfall det no.
Anthony Gordon til Barcelona for £70 mill.? På sitt beste har han vore fantastisk, på sitt svakaste nesten ubrukeleg. Fått eit inntrykk av at han ville vekk, og Newcastle treng ein opprydding i spelarstallen, so ein solid sum + ut av ligaen er bedre enn fjorårets Isak-saga...
Samtidig misbrukar dei sine eigne sjansar. Dei har komme tilbake på overtid fleire gongen denne sesongen, og det er ikkje innsatsen det står på, men alt tyder på nok ein sesong i ingenmannsland. Dessverre. 2/2
Eg vert ikkje klok på dette Sogndal-laget. Starta sesongen dårleg, såg ut som dei var i ferd med å spela seg i form, før dei på ny leverar under par. Slepp motstandarane alt for lett til sjansar, og utan Jendal hadde det vore mykje styggare siffer i målprotokollen. 1/2
Sogndal fekk tyn for dei elendige kampane i starten av sesongen, men i dag fortener dei verkeleg skryt! Lagdelane hang saman, mellomromma som motstandarane kunne leika med har dei fått redusert, og dei utnytta kontringane til fulle. 5-1 var kanskje litt i overkant, men🥳🥳
Har ikkje sett Newcastle sidan fadesa mot Sunderland. Lagoppstillingen er som den er, vurderar å sjå litt av kampen etter at Sogndal sørga for ein fotballmessig (liten) opptur i går, men har ikkje store forhåpningar med tanke på at sesongen er meir eller mindre ferdig. #sirup