13. dag jul. Vi fjernar julepynten og kjem ikkje til å sakne han. Naboen på 90 pluss gjer et same, men markerer samtidig dagen med pinnekjøttmiddag! Det skal eg òg gjere når eg har passert 90.
770 mm regn i Bergen på to mnd. Nyleg høyrde eg ein austlending som sa: "Jeg elsker Bergen, d'ække så mye regn som folk sier." Vennlege og greie desse austlendingane.
Kan ikkje gå om døra lenger utan å kjenne meg utdatert. I går kveld på eit litteraturmøte: Unge jenter med tunge raudvinsglas og snusdåsar. Og det var onsdag!