@tukleiva@WasimZahid Eg er slett ikkje usamd i at dei har gått alt for langt, ikkje minst i blokkering av naudhjelp! 😢 Det største problemet ser likevel ut til å vera at Hamas ikkje vil sitt eige folk vel i like stor grad som dei vil jødane vondt.
@rorevin Eg hugsar eg høyrde om nokon som betalte for neste bil i bompengestasjonen, og testa det sjølv på E18 v Lierstranda. Det var ingen bil bak meg då, så personen i luka forsto ikkje kva eg meinte, men tok imot ein ekstra mynt :) #kvardagsglede
@mimirk Synest heller ikkje forhandling med Ap høyrest særleg interessant ut 😛 Skjønar heller ikkje at så mange meiner du burde bytta jobb. Seier kanskje mest om X-folket? 🤔
Lukke til med prioriteringa! 👍🏻
@mimirk Det nærmeste eg har vore fotball etter russetida er lønsj i kantina på Viking stadion. Eg likar ikkje kraftuttrykket ditt og får meg ikkje til å stemma på partiet ditt, men eg har sansen for mykje av det du står for, og har observert deg på nattoget :) 1/2
@filiprygg Uansett årsak er det eit snodig krav. "Alle" såg at det fungerte bra med heimekontor. Og mange oppstartsbedrifter har stor suksess med 100 % remote eller fritt val, t.d. Dropbox, GitLab, Coursera, Zapier, MUI, https://t.co/i9VgXkGVHY
@GeirEHagen@vebjornselbekk Løftet om å leva lenge er vel knytta til det fjerde bodet, om å heidra sin far og si mor. Men det var kanskje det du meinte? 😊
@filiprygg Pepsi Max er eg skeptisk til. Kunstige stoff er neppe sunt uansett, men kroppen kan òg "tru" at han får inn sukker pga smaken, og dermed klussar du til insulin-balansen.
@filiprygg Så du meiner det kan nytta å stemma KrF sjølv om dei blir små i det blå? Kva med alkohol, flyktningar, aktiv dødshjelp, sukkeravgift / førebyggjande helse...? Kan KrF rekna med gjennomslag for noko særleg av sin politikk?