Det norske Stortinget støttar og delfinansierer eit prosjekt som tek livet av fleire hundre tusen unge menn, og skadar endå fleire. Me ser ei enorm øydelegging av resursar som kunne skapt velstand for millionar, og ei forgifting av land, luft og vatn. Dei såkalla miljøpartia er dei aller ivrigaste tilhengarane av denne vanvittige sløsinga med menneskeliv, natur og kultur. Dei er viktige drivkrefter i krigen.
NATO-landa provoserte fram krigen i Ukraina. No ser det ut til at dei vil gå vidare og provosera fram ein direkte krig med Russland. Folket i Europa må stansa denne dødslina og berga sivilisasjonen før me endar i krig og undergang. Me kjem til å sakna sivilisasjonen vår når me vaknar opp i jungelen.
Det norske Stortinget har gått frå forstanden. Dei brukar fleire hundre milliardar på ein tapt krig mot Russland. Fleire hundre milliardar for at fleire unge russarar og ukrainarar skal lida og døy i kampen for NATO og USA. I tillegg skal delar av Ukraina sin våpenproduksjon flyttast til Norge. Norge blir dermed eit direkte bombemål for russiske rakettar. Nokon må ta til vetet.