Kalenderen fyller snart året.
Eg beveger meg på grensa av 2025
under himmelen.
Framleis er det stoff i meg til ei diktsamling.
Katten kjem luntande, vil vera med inn.
Snøfnugg i lufta.
Eg tenkjer på eit kort dikt av Sonnevi:
Min kropp
uthuggen ur natten
ur drömmarna
ur döden
Å sjå ei verd i eit korn av sand.
Og ein himmel i ville blomar.
Halda æva i di eiga hand
og det uendelege i ein sommar.
Etter William Blake
Måleri av Kjell Pahr-Iversen
Eg tek ikkje orda dine
for bare ord.
Langt ifrå.
Eg lyttar
til det som får deg til å snakka -
kva det nå måtte vera -
og får meg til å lytta.
Shinkichi Takahashi.
"People think that intimacy is about sex. But intimacy is about truth. When you realize you can tell someone your truth, when you can show yourself to them, when you stand in front of them bare and their response is 'you're safe with me' — that's intimacy." ~Taylor Jenkins Reid
Bare lytt!
I ein studie vart halve gruppa bedne om å lytta til klassisk musikk, den andre gruppa vart bedne om å prøva å vera lykkelege medan dei lytta til den same musikken.
Det viste seg at dei som prøvde å vera lykkelege, var langt mindre lykkelege enn dei som bare lytta.