Romerske tilstandar: Det er munnbindpåbod på flyplassen, men ved ombordstiging var minimumskravet FFP2-maske, og dei som berre hadde munnbind, måtte gå og kjøpa ei maske. Og so snart me kom om bord i flyet, slapp me både munnbind og maske.
Me får nok ikkje eit like godt retteprogram som ein har på engelsk og andre store språk, det kjem av at korpusa ikkje er store nok. Men ein unngår i minsto at programmet føreslår / legg inn grove feil.
Eg har nyleg fått ny jobbdata, og som fylgje av det har eg òg fått installert Word og slikt på nytt. Eg lurer på om rettefunksjonen er vorten dårlegare enn han alt var, no får eg raud strek under «svar» – ja, eg sjekka at innstillinga var nynorsk.
Det hadde vel vore nokso beintfram for einkvan å laga til ei slik ordliste og til dømes gjera henne tilgjengeleg for LibreOffice, då hadde det programmet plutseleg vorte mykje betre enn Microsoft Office.
Fyrebilsbibelen er emnet for Norsk målstemna i år, hundrad år etter @Studentmallaget fekk denne fyrste heile Bibelen på norsk utgjeven. Vel møtt på Litteraturhuset i Oslo på laurdag kl. 15.00. Fri inngang! https://t.co/MaXwnCIFHB
Er berre kjapt innom denne gudsforlatne applikasjonen for å lysa mi heilhjarta velsigning over eit nytt avløysarord:
🔥 RANGSTODE 🔥
Det heiter altso ikkje offside no lenger. Heretter heiter det rangstode.
(Lat meg lysa like inderleg velsigning over opphavsmannen @hrem93 🙏😍)
I år er det 100 år sidan den fyrste heile Bibelen kom på nynorsk. Me er med og skipar til Norsk målstemna på Litteraturhuset i Oslo 25. september, og norskt bibelmål er emnet i år. M.a. kjem Anders Aschim og legg fram den nye boki si um Fyrebilsbibelen. https://t.co/Zw74bglzbc
Dette talet er 52!, dvs. 52 x 51 x 50 … x 1.
I grunnen er det ikkje so veldig rart, men samstundes tenkjer ein at 52 kort ikkje er all verda, det kan då ikkje vera altfor mange kombinasjonar, men det er det!
Eg trur eg runda Youtube, eg lærte av Vsauce at det er heller usannsynleg at to godt stokka kortstokkar har hatt same rekkjefylgje på korta. Det totale talet på kombinasjonar er enormt: 80 658 175 170 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000
@Joakimpb@Oysteib Kan henda dei har ein regel som tilseier at dei må skifta nettbunad so og so ofte? Men det kunne vel ikkje vore altfor lenge sidan sist dei skifte, eg meiner å hugsa at sida var fin og oversiktleg.
@iOttar @sprakradet Du kan òg sjå på adjektivet «spiss», der er det bokmålet som er rart: «spisst»; nyno. «spist». Det er for å hindra forveksling med bm. «(har) spist».