Lære for å få gå på vidaregåande.
Pugge for å komme inn på studie.
Studere for å få jobb.
Jobbe for å bli betre i jobben og for å få pengar.
Ikkje bruke pengar fordi ein skal spare til bustad.
Når ein får bustad har ein så lite pengar at ein ikkje kan bruke pengar.
Livet.
«2 timar og 8 minutt til Hjem. Ta E6, det er lite trafikk.»
Google Maps varsla meg på telefonen då eg sat i bilen.
Google ville heim, telefonen ville heim, bilen ville heim.
Eg ville heim.
Men, eg måtte køyre ein annan stad.
Lengtar heim.
Ein dag vil eg gifte meg for å få delt utgiftene på to. Det er ein grunn til at ein finn «gift» i «utgift».
Huslån/renteauke/straumprisar/barn/katt/billån null stress delt på to.
I natt drøymde eg om deg. Sjølv om det er over ti år sidan eg møtte deg sist. Det var intenst. Du laga eit show framføre alle eg kjende, og eg ville ikkje involvere meg fordi eg veit korleis du er. Men så var det skyting. Du var død. Eg vart lei meg. Så stod du opp. Du lurte meg.
Kranglinga vår (les: di) var ikkje sunt. Og det har sett spor. Eit heilt tiår etterpå. Sjølv i draumen hadde du overtaket. Eg er glad eg er ute av det. Og kjenner samtidig på avhengigheita eg hadde då eg var med deg. At du var utilgjengeleg, og så veldig der. Det er bra det enda.
Og i dag har eg gått tilbake i meldingane me sendte til kvarandre. Blitt overraska over kor lenge me hadde kontakt etter at det var slutt. Sett oss skrive om blomane du sende meg til bursdagen min. Blomar eg kasta med ein gong. Det var ikkje sunt. Forhold tar slutt for ein grunn.
Eg laga akkurat tidenes beste blomkål/løk-baserte fiskesuppe med gulrot, vårløk og paprika. Og laks og kveite. Og et den åleine. Nokon burde gifte seg med meg.