Engasjert og dedikert. Lærar og politikar. Mamma til tre, kjærast til ein og glad i veldig mange! Eg les, skriv og uttrykkjer meg gjennom bilete og matlaging.
Full mann (20); tom tank.
Treng diesel.
Billeg diesel i nabobygda.
Køyrer, sirene, politi, stopp.
Full mann (20) treng ikkje diesel
på ei stund.
#elevdikt#twitternovelle#inspirert av @FrodeGrytten
Samtale på eit busstopp:
- Ja, nei, noko nytt?
- Neeei, trur ikkje det. Du?
- Neeei, ikkje som eg kjem på.
- Så alt er ved det gamle?
- Ja, ikkje noko nytt her.
- Men det er vel greit?
- Jaudå. Slepp å tenkje då.
- Ja, det er sant. Ha ein fin dag då.
#djupesamtaler
"Du er liten, du betyr ingenting, ingen bryr seg om deg, du er ein drit", sa dei. Orda fylte lommene hennar med stein og ho lurte på om nokon ville redde henne om ho drukna. #stoppmobbing#kvardagsmobbing
Så gjekk eg ned til pottemakarens hus.
Han stod og arbeidde ved dreieskiva.
Når det karet han heldt på å laga av leire,
vart mislukka i pottemakarens hand,
laga han det om til eit anna kar,
slik han tykte det var rett.