Frå afrikanske lands ståstad finst det openbert ein betre veg mellom stormaktene. Eg skriv om dette – og om moglegheitene for norsk og nordisk utanrikspolitikk – i dagens kommentar i Panorama.
Les den her: https://t.co/AEWGOKGr2h
TRÅD: Har Russland vunne kampen om Afrika? Det er i alle fall ei fortelling vi bør utfordre.
Førre veke var representantar frå 30 afrikanske og fem nordiske land samla i Oslo. Frå dei lukka samtalane kom det fram ein spesielt interessant observasjon:
Russland har vist seg i stand til å verne militærregime i Sahel, men i langt mindre grad til å skape tryggleik for innbyggarane. Kanskje har ein del vestlege land også undervurdert dei afrikanske landa sin vilje til å føre ein sjølvstendig utanrikspolitikk, utan å måtte velje.
Frå «Ukraina må vinne» til «det finst inga militær løysing».
Eg har gått gjennom Støre og Barth Eides ordbruk sidan 2022. Kontrastane er slåande.
Den norske retorikken har endra seg lenge før Støre ringde Putin. Men kvifor?
Her er min gjennomgang:
https://t.co/mfJ6wTX1uJ
Vil svara frå statsrådane stå seg når Epstein-kommisjonen legg fram rapporten sin? Ei tidlegare gransking av UD gir grunn til å stille spørsmålet.
Les heile kommentaren min her: https://t.co/wjz6sz3eve
Tre år etter 7. oktober er det vanskelegare enn nokon gong å sjå korleis denne konflikten skal ende – uansett om ein står i Tel Aviv, Gaza eller Ramallah.
https://t.co/11hdzJ4L7I
Spegl, spegl på veggen der: Korleis står det eigentleg til med kunnskapen om bistand på Stortinget? Dag éin av Epstein-høringane gav i alle fall litt svar på akkurat det.
https://t.co/FVgRyH3EGL
I går såg eg Narendra Modi på nært hald for første gong. Det som slo meg var blikket hans. Det er hardt, klart og nesten urovekkande fokusert. Den indiske statsministeren verkar ikkje som ein mann som vaklar. Han veit kva rolle han skal spele.
For nordmenn flest er India framleis ein stad langt borte, sjølv om norske og indiske flagg vaia side om side i gatene denne veka. Men landet som Modi representerer, er ikkje perifert. På det indiske verdskartet er det vi – og Europa – som ligg ute i kanten.
Det er ikkje vanskeleg å forstå kor @Mímir Kristjánsson henta inspirasjon til si legendariske Politisk kvarter-orsaking. Raudt-politikaren er bibelsprengd.
Eg har meldt boka som @SofieMarhaug og Kristjánsson har skrive saman, for @altingetno: https://t.co/OzepQrvCgY
Det er ofte tillitsvekkande å få alle kort på bordet, før nokon gjer det for deg.
Kommentar her – om kva tillitskrise som rammar norsk, internasjonalt engasjement :
https://t.co/OdD2tgHx7H